Priv. til red.:

Statsministerens program veke 19

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren deltek på Høgre sitt landsmøte 9.-11.mai.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. 

Måndag 5. mai
Kl. 09.00: Statsministeren inviterer til pressefrukost i samband med Høgre sitt landsmøte. Stad: Posthallen, Prinsensgate 8. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886. 

Tysdag 6. mai
Kl. 16.30: Statsministeren deltek på Fagrådets ruspolitiske seminar. Stad: Clarion Hotel Royal Cristiania i Oslo. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886. 

Onsdag 7. mai
Kl. 09.30: Statsministeren taler på Nasjonal helsekonferanse. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotell i Oslo. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216. 

Torsdag 8. mai
Statsministeren deltek under markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning.

På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått dekorasjonar og deira næraste.

Statsministeren er til stades på ein medaljeseremoni ved H.M. Kongen ved Nasjonalmonumentet på Akershus festning frå kl. 16. Stortingspresidenten, forsvarsministeren og forsvarssjefen er også til stades.

Sjå fleire detaljar på nettsidene til Forsvarsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 9. mai – søndag 11. mai
Statsministeren deltek på Høgre sitt landsmøte. Stad: Clarion Hotel Oslo Airport, Gardermoen. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

--

7. mai 2014: oppdatert med meir informasjon om frigjeringsdagen og veterandagen