Statsbudsjettet

Produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedium og til samiske aviser blir redusert

Som varsla i Sundvolden-erklæringa foreslår regjeringa ein reduksjon i den direkte mediestøtta.

Som varsla i Sundvolden-erklæringa foreslår regjeringa ein reduksjon i den direkte mediestøtta.

Regjeringa vil leggje om pressestøtta over tid og samstundes redusere støttenivået. I tråd med dette foreslår regjeringa ein reduksjon i produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedium på 50 millionar kroner samanlikna med 2014. Tilskotet til samiske aviser blir redusert med 4,1 millionar kroner. Dette er den same forholdsmessige reduksjonen som for produksjonstilskotet.

- Regjeringa har som mål å redusere pressa si avhengigheit av statlege støttetiltak. Sjølv om vi har tradisjonar for å leve med ei statssubsidiert kritisk presse i Noreg, vil avisene bli meir redaksjonelt uavhengige dersom dei blir mindre økonomisk avhengige av staten, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I internasjonal samanheng ligg talet på aviser og utgjevarstader stabilt på eit svært høgt nivå i Noreg. I tillegg kjem nye distribusjonskanalar for redaksjonelt innhald og enkelte nyheitstilbod som berre blir publiserte på Internett.

Sjølv om avisbransjen er i ei krevjande omstilling til digital formidling, auka driftsoverskotet i avisbransjen med nær 19 prosent i fjor. Også dei 140 avisene som mottar produksjonstilskot hadde eit langt betre år i 2013 enn i 2012.

Når det gjeld tilskotet til samiske aviser, viser regjeringa til at løyvinga har blitt meir enn dobla dei siste 10 åra, frå 11,6 millionar kroner i 2004 til 25 millionar kroner i 2014.

Regjeringa meiner difor at det er rom for ein reduksjon av den direkte mediestøtta.

Verkemidla innanfor mediestøtterordingane må sjåast i samanheng. Sjå også eiga pressemelding om felles låg meirverdiavgift på papiraviser og e-aviser.