Prosjektmidlar til 16 ulike språktiltak

Kulturdepartementet har fordelt nærmare 4 millionar kroner til 16 ulike språktiltak.

Kulturdepartementet har fordelt nærmare 4 millionar kroner til 16 ulike språktiltak.

Dette er midlar departementet disponerer for å kunna støtta strategisk viktige tiltak som følgjer opp språkmeldinga Stortinget behandla i 2009. 

Av heile potten på i underkant av 4 millionar kroner går 1,3 millionar til fire terminologi­prosjekt.

- Utvikling av norsk terminologi er nøkkelen til å styrkja norsk fagspråk.Terminologiprosjekt er dermed eit viktig bidrag til å sikra at norsk kan fungera som eit mest mogleg fullverdig språk i eit stadig meir spesialisert kunnskapssamfunn, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Det går elles over 1 million kroner til ulike nynorskrelaterte prosjekt og ein halv million til eit viktig kvensk språkprosjekt. Også eit par andre minoritetsspråk er tilgodesedde, i tillegg til norsk teiknspråk. Departementet støttar også prosjekt både i regi av Riksmålsforbundet og Nynorsk kultursentrum.

-  Av nynorsktiltaka vil eg særleg trekkja fram prosjektet ”Nynorskbyen Førde”, seier kulturminister Widvey. Formålet er å skapa ein sterkare nynorskspråkleg identitet i byen og regionen. Det skal bli spennande å sjå om dette kan inspirere til tilsvarande språkleg identitets- og merkevarebygging også i andre delar av nynorskland, seier kulturministeren.

Kulturdepartementet lyste ut prosjektmidlane i byrjinga av juni i år med søknadsfrist 1. september. Departementet har hatt over 30 søknader til behandling, med samla søknadssum på vel 16 millionar kroner.

Spesifisert oversikt over dei 16 prosjekta finn du i vedlegget.