Historisk arkiv

Rapport frå Dialogkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Rundt 250 deltakarar var til stades for å gi innspel til regjeringa under årets nasjonale dialogkonferanse. No er rapporten frå konferansen ferdig.

- Gjennom Dialogkonferansen fekk mine kollegaer og eg mange innspel og idear til vidare politikkutvikling på integreringsområdet. Desse innspela vil vere viktige i mitt vidare arbeid. Rapporten vil også vere nyttig for alle som på ulike måtar jobbar for at innvandrarar og barna deira skal få bruke sine ressursar og bidra til fellesskapet i enda større grad, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Her kan du lese rapporten.

Føremålet med rapporten er å dokumentere resultata frå årets konferanse og vere eit verkty for politisk leiing og andre deltakarar vidare. Den er ei samanstilling av innlegga frå politikarar og paneldeltakarar, samt referat frå dialogen og innspela som vart gitt under dei fire workshopane.

Den nasjonale dialogkonferansen skal vere ei årleg hending for å styrke dialogen mellom innvandrarar og styresmakter. Meir informasjon om dialogkonferansen finn du på konferansens eiga nettside.