Historisk arkiv

Regionane si veke i Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave (EU-delegasjonen)

Dei norske regionkontora både arrangerte og engasjerte då Open Days samla regionar og byar frå heile Europa i Brussel for tolvte gong.

Dei norske regionkontora både arrangerte og engasjerte då Open Days samla regionar og byar frå heile Europa i Brussel for tolvte gong.

Kvar haust blir Brussel fylt av 6000 europearar frå kvar ein krok av kontinentet under Open Days. Frå 6. til 9. september kunne regionane diskutere sine utfordringar og vise fram det dei har lukkast med. Trass i at Norge ikkje er EU-medlem er Open Days viktig også for dei norske regionane.

 Det er ein god mogelegheit for regionkontora å invitere eigarar og partnarar for å vise dei den store aktiviteten på regionalpolitikk i Europa. I tillegg er det ein mogelegheit til å byggje nettverk og møte regionar som har liknande interesser eller utfordringar som regionar i Noreg, fortel direktør for Nord-Norges Europakontor, Trond Haukanes.

Korleis utnytte EU-midlar best mogeleg?
Til saman er det seks norske regionkontor i Brussel: Nord-Noreg, Trøndelag, Vest-Noreg, Sør-Noreg, Stavanger-regionen og Oslo-regionen.  I løpet av veka har dei arrangert seminar og kurs om mellom anna samarbeid, matkultur og regionalpolitikken i EU. Kontora samarbeida også om eit medlemsseminar for å oppdatere eigarane av kontora, til eksempel fylkeskommunar, om den europeiske regionalpolitikken på områder som er viktige for norske regionar.

Mellom anna fortalde dagleg leiar ved Trøndelags Europakontor, Vidar Segtnan, om EU sin nye programperiode fram mot 2020. Noreg bidrar med midlar til fleire program som er relevante for norske regionar. Segtnan meiner difor det viktig å søkje om midlar slik at ein kan få nytte av desse midlane også i Noreg.

Smarte regionar
Målet med EU sin regionalpolitikk er å utjamne dei økonomiske og sosiale forskjellane mellom regionane. Både politikken og den økonomiske støtta som blir gitt skal vere basert på auka sysselsetjing og berekraftig utvikling i regionane. Det europeiske regionale utviklingsfondet, det europeiske sosialfondet og samhøyrigheitsfondet finansierer regionalpolitikken mot Europa 2020. Dei fokuserer spesielt på smart, berekraftig og inkluderande vekst. Regionane skal utvikle ein økonomi basert på kunnskap og innovasjon og fremje ein meir effektiv, grønare og konkurransedyktig økonomi.

Dette med smart spesialisering er veldig i tida akkurat no. Det er ein ny type regional innovasjonpolitikk for å optimalisere bruken av midlar til forsking og innovasjon. Nordland fylkeskommune er den første regionen i Noreg som er godkjent som ein smart region, fortel direktør ved Nord-Norges Europakontor, Trond Haukanes.

Regional- og kommunalråd Jan Edøy fortalde om Bodø-prosessen, som skal samordne regionsamarbeidet mellom arktiske regionar betre (Foto: EU Open Days).

Samarbeid mellom arktiske regionar
Også den norske EU-delegasjonen har vore aktive i løpet av veka. Regional- og kommunalråd Jan Edøy ved Noregs EU-delegasjon, var mellom anna innleiar på ein workshop om samarbeid mellom dei arktiske regionane arrangert av EU-kommisjonen. Her fortalde han om Bodø-prosessen som er eit viktig initiativ for å skape betre samhandling og fremjing av samarbeidsprosjekt mellom arktiske regionar.

Vi treng betre koordinering av mellom anna finansieringsressursar for at regionane skal få mest mogeleg ut av finansieringsprogramma, fortel Edøy.

Utviklinga i Arktis skapar både mogelegheiter og utfordringar for Noreg. Difor er det viktig å vere pådrivarar for samarbeid med andre land og regionar som har interesser i området. Saman med Skottland har Noreg vore pådrivarar for å koordinere dei ulike aktørane og initiativa for samarbeid i nordområda gjennom Bodø-prosessen.

Dei siste to åra har det vore arrangert fleire konferansar og møter for å skape ein koordineringsmekanisme som består av eit nettverk av ekspertar frå alle dei arktiske landa. Under den årlege konferansen Arctic Frontiers i Tromsø i januar 2015, vil neste steg i prosessen blir tatt.


Les meir om Open Days, samarbeid mellom regionar og INTERREG og konferansen Arctic Frontiers i Tromsø. Du kan også lære meir om Noreg sitt regionalpolitiske samarbeid med EU her.