Statsbudsjettet

Regjeringa målrettar verksemda i Norsk kulturråd frå 2015

Ei utgreiingsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet har gjennomgått Norsk kulturråd si arbeidsform og organisering. Gruppa la fram sin rapport i juni 2014.

Ei utgreiingsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet har gjennomgått Norsk kulturråd si arbeidsform og organisering. Gruppa la fram sin rapport i juni 2014. Gjennomgangen blir foreslått følgd opp på følgjande måte:

Departementet har sett i gang arbeidet med å fremje ein lovproposisjon for å vidareutvikle og forsterke Kulturrådet som overordna strategiorgan, styrke fagutvala si rolle og tydeliggjere Kulturrådet sitt verkeområde og internasjonale ansvar.

Arkivutviklingsoppgåvene som i dag ligg til Norsk kulturråd blir overførte til Riksarkivaren frå 2015. 

Post 74 har tidlegare blitt nytta til tilskotssordningar og til tiltak av meir varig karakter. Posten blir foreslått avvikla frå 2015, og 154,3 millionar kroner blir overførte til andre kapittel og postar på departementet sitt budsjett. Tilskot til tiltak som eignar seg for kunstfagleg vurdering blir lagde inn i Norsk kulturfond. Tilskotsordningar blir i hovudsak overførte til spelemiddelfinansiering. Dei andre tiltaka vil få løyvingar på andre postar på kulturbudsjettet eller bli rammeoverførte til Kunnskapsdepartementet.

Støtte frå Norsk kulturfond har tidlegare blitt gitt frå post 55 – eittårig prosjekttilskot og post 56 fleirårig prosjekttilskot. Løyvingane til Norsk kulturfond blir no samla på post 55 på det respektive fagkapittelet, medan post 56 blir avvikla.

Midlar til privatarkiv, sikring av museum og utviklingstiltak på arkiv- og museumsfeltet blir foreslått løyvd frå Norsk Tipping AS sitt speleoverskot til kulturformål

Hovudregelen om at institusjonar med fast årleg statstilskot ikkje skal søkje støtte frå Norsk kulturfond, blir vidareført. Unntak kan vurderast blant anna for å fremje institusjonane sitt samarbeid med det frie feltet.

Ordninga med at fondsmidlar blir løyvde på dei respektive fagkapitla blir samtidig foreslått vidareført, men slik at rådet får disposisjonsfullmakt til å omdisponere mellom kapitla. Dette skal sikre naudsynt armlengdes avstand i tilskotsforvaltninga, leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av tilskotsordningane under fondet og gje rådet fleksibilitet til å målrette midlane i tråd med sektoren sine skiftande behov.

Endringar i forvaltninga av stipend- og garantiinntektsordninga for kunstnarar vil bli vidare vurdert i samråd med sentrale aktørar på feltet. Departementet vil m.a. invitere til innspelseminar fleire stader i landet.