Rettstryggleiken til borna er det viktigaste

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Det er svært viktig å sikre at det barnesakkunnige arbeidet held ein høg standard. Derfor vil statsråd Solveig Horne no evaluere Barnesakkunnig kommisjon (BSK) som vart oppretta for å sikre kvaliteten på sakkunnigrapportar i barnevernsaker. Evalueringa kjem i tillegg til den allereie varsla evalueringa av fylkesnemndene.

NRK Brennpunkt har denne våren kasta lys over det norske barnevernet gjennom fleire dokumentarar. Den siste, som blei vist på NRK1 i går kveld, handlar om det NRK meiner er ”skjulte band” mellom kommunar og sakkunnige som undersøker barn og familiar i barnevernsaker.

Programmet viser at fagfolka kan ha fleire roller i barnevernsaker, mellom anna som sakkunnige for barneverntenesta og som fagkunnige medlem av fylkesnemnda. Dette gjer at dei blir oppfatta til ikkje å vere nøytrale og uavhengige av den instansen som engasjerer dei. Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) meiner programmet tek opp viktige problemstillingar.

- Vårt utgangspunkt er at dei fleste fagfolk vurderer dei ulike bindingane når dei tek på seg eit sakkunnig oppdrag, og at dei er medvitne om ei eventuell dobbeltrolle, både som sakkunnige og som fagkunnige medlem i fylkesnemnda. Den sakkunnige har eit sjølvstendig ansvar for å opptre upartisk og nøytralt. Habilitetsreglane er sentrale for tilliten til det sakkunnige arbeidet, seier statsråden.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har allereie sett i gong ei evaluering av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Fristen for å gi tilbod gjekk ut i går og evalueringa skal vere ferdig i februar 2015. Evalueringa skal ta føre seg ressursbruk, produktivitet, kvalitet, effektivitet og organisering.

- Vi ynskjer mellom anna at det blir gjort ei heilskapleg vurdering av ordninga med fagkunnige medlemmar, og med forslag til korleis ordninga kan vidareutviklast slik at den bidreg til legitimitet og sikrar god kvalitet på dei vedtaka som blir fatta. Korleis ein i størst mogleg grad kan unngå dobbeltroller, kan vere ein del av dette. Rettstryggleiken til barna er det aller viktigaste, seier Horne.

Statsråden vil også evaluere Barnesakkunnig kommisjon (BSK) som har vore i drift sidan 2010. BSK vart oppretta for å sikre kvaliteten på sakkunnigrapportar i barnevernsaker. Det kan vere vanskeleg for til dømes foreldre og deira advokatar å gå i mot vurderingar og konklusjonar for dei som er utnemnde som sakkunnige i kompliserte barnevernssaker. Dette er avgjersler som har store konsekvensar for mange partar. Vert det gjort feilvurderingar kan det vere svært alvorleg for dei involverte.

- Å sikre at det barnesakkunnige arbeidet held ein høg standard er viktig. Etter at kommisjonen har vore i funksjon i meir enn tre år er tida no inne for å evaluere dette arbeidet. Då vil vi kunne sjå om kommisjonens vurderingar av sakkunnigrapportane inneber den kvalitetssikringa vi alle meiner er naudsynt i desse sakene, seier statsråden.