Revidert nasjonalbudsjett 2014: Riksvegane: 250 millionar kroner meir til prosjektering, førebuande arbeid og anleggsstart
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 64/14 | Dato: 14.05.2014
- Fem større vegprosjekt får til saman 250 millionar kroner meir til prosjektering, førebuande arbeid og utbygging enn det som er føresett i tidlegare vedtatt budsjett for 2014. Regjeringa legg i forslag til revidert statsbudsjett opp til ei omdisponering som er med på å sikre framdrift for viktige prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Beløpet er fordelt til desse prosjekta, som alle er prioriterte i første fireårsperiode av Nasjonal transportplan 2014-2023:
- E16 Bagn – Bjørgo i Oppland: 40 millionar kroner til prosjektering og anna førebuande arbeid.
- E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark: 50 millionar kroner til prosjektering, arkeologiske utgravingar, anna førebuande arbeid og kjøp av grunn. I tillegg har bompengeselskapet fått løyve til å forskottere inntil 170 millionar kroner til desse formåla.
- E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder: 80 millionar kroner til prosjektering, arkeologiske utgravingar, anna førebuande arbeid og kjøp av grunn.
- E6 Vindalsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag: 20 millionar kroner til prosjektering og anna førebuande arbeid.
- E105 Elvenes – Rundvannet i Finnmark: 60 millionar kroner til byggjestart i 2014.
Omdisponering
Omdisponeringa av 250 millionar kroner til desse prosjekta skjer ved ein tilsvarande reduksjon av midlar som i tidlegare vedtatt 2014-budsjett er avsett til fornyingstiltak på riksvegnettet.
- Etter framlegg frå den nye regjeringa blei fornyingstiltak styrkt i vedtatt budsjett for 2014. Etter omdisponeringa av 250 millionar kroner vil løyvinga til fornying framleis vere vesentleg høgare enn det den førre regjeringa foreslo for 2014, seier samferdselsministeren.
Prop. 93 S (2013-2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014