Revidert nasjonalbudsjett 2014: Utbyggingsselskap for veg: Interimsselskap blir oppretta til hausten

- Regjeringa vil ha utbyggingsselskapet for veg på plass så fort som mogleg, slik at vi kan løfte fleire vegprosjekt og gjennomføre utbygginga meir effektivt enn i dag. Vi legg opp til at eit interimsselskap blir oppretta hausten 2014.

- Regjeringa vil ha utbyggingsselskapet for veg på plass så fort som mogleg, slik at vi kan løfte fleire vegprosjekt og gjennomføre utbygginga meir effektivt enn i dag. Vi legg opp til at eit interimsselskap blir oppretta hausten 2014.

- Utbyggingsselskapet vil dermed kunne vere operativt  med planlegging og utbygging av konkrete riksvegprosjekt snarast mogleg etter etableringa i 2015. 

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa i dag legg fram  ein proposisjon for Stortinget, der etableringa av eit utbyggingsselskap for veg er ei av sakene (Prop. 97 S (2013-2014)).

Samferdselsdepartementet har sidan regjeringsskiftet i 2013 arbeidd med å leggje til rette for fleire større reformer i transportsektoren.

På vegsida har fokus vore på etableringa av eit utbyggingsselskap, medan ein på jernbanesida arbeider mot ei omorganisering av Jernbaneverket og NSB for å oppnå ein hensiktsmessig styringsstruktur, ei forretningsmessig organisasjonsform og tydelege mål. Det skal òg leggjast til rette for meir konkurranse.

Meir heilskapleg utbygging

Reformarbeidet er godt i gang, med etableringa av utbyggingsselskapet i front.

Selskapet skal bygge ut meir heilskapleg enn i dag, gi meir effektiv ressursbruk og sørgje for større satsing på dei mest samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekta.

Samferdselsdepartementet skal no arbeide vidare med innhald og storleik på oppstartsporteføljen, ei innretning på finansiering og andre vilkår for selskapet.

Interimsselskapet vil vere ein viktig samarbeidspart for departementet i arbeidet med å førebu etableringa av utbyggingsselskapet.

I revidert nasjonalbudsjett som blir lagt fram for Stortinget i dag, foreslår regjeringa å løyve 100 000 kroner i eigenkapital til interimsselskapet.

Prop. 93 S (2013-2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane