Historisk arkiv

Samarbeid mellom lokale matprodusentar gjev gevinst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Samarbeid mellom gardsbaserte foredlingsbedrifter har eit potensiale både for betre økonomi, kompetanse og marknadsposisjon, men er svakt utnytta.

Samarbeid mellom gardsbaserte foredlingsbedrifter har eit potensiale både for betre økonomi, kompetanse og marknadsposisjon, men er svakt utnytta.

Dette kjem fram i eit utgreiingsprosjekt i regi av Vestlandsforsking og NILF finansiert av forskingsmidlane over jordbruksavtalen (JA).

Konklusjonen i dette utgreiingsprosjektet er at samarbeid mellom gardsbaserte foredlingsverksemder har eit gevinstpotensiale i form av lågare kostnader og høgare inntekter gjennom auka sal. Felles aktivitet for erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling bidreg ikkje berre til auka nyskaping, men har også ein viktig motiverande effekt for utvikling av eiga bedrift.