Samferdselsdepartementet - Trond Helge Hem utnemnd til underdirektør

Trond Helge Hem blei i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Trond Helge Hem blei i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Hem er 37 år og er cand.polit. frå Universitetet i Oslo. Han arbeidde i Utlendingsdirektoratet før han kom til Samferdselsdepartementet som fyrstekonsulent i 2007. Han blei seinare rådgjevar  og har sidan 2011 vore seniorrådgjevar i Baneseksjonen i Kollektivtransport- og baneavdelinga.

Baneseksjonen

Baneseksjonen arbeider med saker knytt til transport på skjener og taubaner, rammevilkår for jernbanesektoren, etatsstyring av Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn, forvaltning av eigarinteressene til Staten i NSB AS og BaneService AS, budsjett- og økonomisaker, forhandlingar om statlig kjøp av persontrafikktenester på jernbanen, analysar og utgreiingar som gjeld jernbanesektoren, internasjonale jernbanespørsmål, tilsynsoppgåver, langtidsplanar, lov- og forskriftsarbeid i jernbanesektoren og andre juridiske og administrative saker.