Statsbudsjettet

Samspel og forenkling for frivillige organisasjonar – gratis innmelding i Frivilligheitsregisteret

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil ha enklare reglar og mindre byråkrati for frivillige organisasjonar.

- Vi ønskjer at organisasjonane skal bruke mindre tid på administrasjon, slik at verdfull tid blir frigjort til frivillig aktivitet. Hovudgrepa for å få til dette er forenkling av statlege tilskotsordningar og auka bruk av Frivilligregisteret. For å få til det siste gjer vi innmeldinga i registeret gratis frå 2015, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa vil vedta ei intensjonserklæring om samspelet med frivillige organisasjonar. Erklæringa skal heidre det frivillige samfunnslivet og gjere samarbeidet med frivillig sektor meir forutsigbart.

Kulturdepartementet skal gå grundig gjennom dei statlege tilskota til frivillige organisasjonar som grunnlag for forenkling og samordning.

Fjerning av innmeldingsavgifta i Frivilligregisteret vil gje ei innsparing for frivillige organisasjonar på 2,5 millionar kroner. Innrapportering av data til registeret skal vere så enkelt som råd for organisasjonane. Data frå registeret skal bli brukt av forvaltinga og andre. Målet er å få i stand ei ny løysing for innrapportering frå organisasjonane i løpet av 2015.

Kulturdepartementet vil òg arbeide for at departementa i aukande grad tar i bruk Frivilligsregisteret i forvaltinga av tilskot til frivillige organisasjonar.

Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar blir foreslått prisjustert og vil utgjere 1,24 milliardar kroner i 2015, ein auke på 39,6 millionar kroner frå 2014. Ordninga skal kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Løyvinger til frivilligsentralane blir foreslått styrkt med 6,9 millionar kroner til i alt 125,4 millionar kroner til drift av eksisterande sentralar og etablering av nye sentralar i kommuner utan eit slikt tilbod i dag.