Statsbudsjettet

Satsing på musea

Kulturdepartementet legg vekt på formidling, bygningsvern, samlingsforvaltning og drift når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket blir auka i budsjettforslaget for 2015.

Kulturdepartementet legg vekt på formidling, bygningsvern, samlingsforvaltning og drift når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket blir auka i budsjettforslaget for 2015.

Satsinga på formidling, mellom anna etablering av nye formidlingsarenaer, er bakgrunnen for ein auke på i alt 4,9 millionar kroner til følgjande museum:

  • Nordnorsk Kunstmuseum (2,4 millionar kroner)
  • Museum Vest (2,1 millionar kroner)

Mange museum har behov for meir ressursar til å ta vare på og forvalte kulturhistoriske bygningar og driftsbygningar, vedlikehalde museumsjernbanar og forvalte store samlingar. Bygningsvern, samlingsforvaltning og drift er grunngiving for ein auke på i alt 16 millionar kroner til følgjande museum:

  • Anno museum (tidl. Hedmark fylkesmuseum) (2,1 millionar kroner)
  • Museum Stavanger (0,8 millionar kroner)
  • BuskerudMuseene (1,3 millionar kroner)
  • Vest-Agder-museet (1,3 millionar kroner)
  • Mjøsmuseet (0,6 millionar kroner)
  • Haugalandmuseene (0,3 millionar kroner)
  • Aust-Agder museum og arkiv (1,4 millionar kroner)
  • Musea i Sogn og Fjordane (3,3 millionar kroner)
  • Norsk Maritimt Museum (5 millionar kroner)

Etter avtale med Oslo kommune overtek staten frå og med 2015 heile ansvaret for det tilskotet Oslo kommune til no har løyvt til Norsk Maritimt Museum.

Alt i alt aukar driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket med 46,7 millionar kroner.

Arbeidet med nybygget på Vestbanen for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design starta opp for fullt våren 2014. I budsjettforslaget for 2015 vert det føreslått ei kostnadsramme på 555 millionar kroner for brukarutstyr i nybygget. For 2015 er det forslag om å løyve 15 millionar kroner til detaljprosjektering av brukarutstyrsprosjektet. Både byggjeprosjektet og brukarutstyret vert finansierte over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.