Sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ynskjer du å gjennomføre eit prosjekt som kan vera til nytte for ei større gruppe bønder eller produsentar? Innovasjon Norge inviterer no til søknader om sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014.

Ynskjer du å gjennomføre eit prosjekt som kan vera til nytte for ei større gruppe bønder eller produsentar? Innovasjon Norge inviterer no til søknader om sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014.

 Verkeområdet til dei sentrale bygdeutviklingsmidlane er bedriftsovergripande utviklingsprosjekt innan tradisjonelle landbruksproduksjonar og nye næringar, dvs. utviklingsprosjekt som ein eller fleire produksjonar eller gruppe bønder har nytte av.

Søkjar kan vera ein samanslutnad av produsentar, ein organisasjon eller liknande som representerer bønder eller bygdenæringar/tilleggsnæringar i landbruket. Vi prioriterer bransjar eller produksjonar utan sterk fellesskapsøkonomi der støtte frå Innovasjon Norge er avgjerande for om prosjektet kjem i gang.

Saft og syltetøy
Innovasjon Norge inviterer no til søknader om sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014. (Foto: Jon Marius Nilsson/Innovasjon Norge)