Skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2014

Regjeringa foreslår å fjerne båtmotoravgifta og å gjere dei avgiftsfrie kvotene ved innførsel av alkohol og tobakk meir fleksible. Vidare foreslår Regjeringa å stramme inn reglane for innsyn i skattelistene. Revidert nasjonalbudsjett inneheld også enkelte mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2014.

Regjeringa foreslår å fjerne båtmotoravgifta og å gjere dei avgiftsfrie kvotene ved innførsel av alkohol og tobakk meir fleksible. Vidare foreslår Regjeringa å stramme inn reglane for innsyn i skattelistene. Revidert nasjonalbudsjett inneheld også enkelte mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2014.

Forslaga til endringar er anslått å redusere inntektene til staten med om lag 165 millionar kroner påløpt og 140 millionar kroner bokført i 2014.


Fjerne avgifta på båtmotorar
Regjeringa foreslår å fjerne avgifta på båtmotorar frå 1. juli 2014. Avgifta er forholdsvis ressurskrevjande for avgiftsstyresmaktene. Den gir heller ikkje store inntekter til staten. Fjerning av avgifta kan bidra til raskare utskifting til nyare, meir drivstoffgjerrige og miljøvenlege båtmotorar. Regjeringa foreslår å refundere avgifta på ubrukte motorar som er på lager.

Les meir i pressemelding 25/2014 og Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.


Endring i taxfree-ordninga

Av omsyn til dei reisande foreslår Regjeringa å opne for at den avgiftsfrie kvoten på tobakkvarer kan bytast i 1,5 liter vin eller øl. Endringa er foreslått å gjelde frå 1. juli 2014.

Les meir i pressemelding 24/2014 og Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.


Elavgift for treforedlingsindustrien

Vanleg industri har i dag redusert sats (0,45 øre per kWh) for kraft til bruk i produksjonsprosessar, og energiintensive treforedlingsbedrifter som deltek i godkjent energieffektiviseringsprogram har i dag fullt fritak for kraft til bruk i produksjonsprosessar. Desse ordningane er godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) som offentleg støtte fram til 30. juni 2014. Den reduserte satsen til industrien blir vidareført. Regjeringa vil notifisere til ESA ei vidareføring av ordninga for treforedlingsindustrien. Frå 1. juli 2014 blir det innført redusert sats (0,45 øre per kWh) for treforedlingsindustrien som ei mellombels ordning fram til eventuell godkjenning frå ESA føreligg. Dersom ESA godkjenner vidareføring av fritaket frå 1. juli, vil treforedlingsindustrien få avgifta refundert.

Les meir i Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.


Endring i overgangsregelen til friinntekta og innføring av tidsavgrensing

Regjeringa foreslår å utvide overgangsregelen til endringa i friinntekta i petroleumsskatten for samla prosjekt for utbygging og transport. I tillegg foreslår Regjeringa å setje ei endeleg tidsavgrensing for overgangsregelen slik at overgangsregelen ikkje skal gjelde for kostnader pådratt frå og med inntektsåret 2021.

Les meir i Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.


Innstramming i reglane om offentlege skattelister

Regjeringa er opptatt av å sikre rettstryggleik for skattytar og foreslår at reglane om innsyn i skattelistene blir stramma inn. Opplysningar om kven som har søkt i skattelista gjerast tilgjengeleg for skattytar på skatteetaten.no. Endringane får verknad for skattelistene for inntektsåret 2013, som blir lagt ut hausten 2014.

Les meir i pressemelding 26/2014 og Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.


Meirverdiavgift og fast eigedom – den frivillige registreringsordninga og søknadskravet mv.

Regjeringa foreslår å forenkle og modernisere meirverdiavgiftsregelverket for frivillig registrering for utleige av fast eigedom. Søknadskravet er foreslått oppheva slik at den faktiske avgiftsbehandlinga er avgjerande for dei som allereie er ordinært registrert i Merverdiavgiftsregisteret. Vidare er det foreslått ei endring i verknadstidspunktet slik at utleigarar har noko lengre tid på å områ seg.

Les meir i Prop. 94 LS (2013-2014) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.