Skilnaden på førebygging og etterretning

I førre veke la regjeringa fram handlingsplanen sin mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Den inneheld 30 konkrete tiltak for å styrkje tryggleiken i det norske samfunnet, skriv statssekretær Røsjorde i Ny Tid..

I førre veke la regjeringa fram handlingsplanen sin mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Den inneheld 30 konkrete tiltak for å styrkje tryggleiken i det norske samfunnet.

Svein Gjerdåker hevdar på leiarplass 13. juni at planen er for generell. Han meiner at det «svek­kjer handlingsplanen og viskar ut kven som har ansva­ret for å gjera konkrete tiltak.»

Eg trur utsegna må skuldast at han ikkje har lese planen særleg grundig. For å forhindre at ansvaret blir uklårt, har vi klare handlingspunkt i planen. Det står berre eitt departement ansvarleg for kvart einskild tiltak. Det vil seie at ein einskild statsråd er ansvarleg for både finansieringa og gjennomføringa av tiltaket. Der ansvaret for oppfølging rører fleire departement, er eitt departement gitt hovudansvaret for koordineringa.

Vi set òg ned ei arbeidsgruppe på tvers av departement og fagmiljø som kontinuerleg skal følgje opp tiltaka i planen. Gruppa skal halde kontakt med ei fast referansegruppe sett saman av representantar frå ulike profesjonar, frivillige organisasjonar og forskingsmiljø.

Kort sagt har vi gjort alt for å sikre ei effektiv oppfølging av tiltaka i planen.

Gjerdåker byggjer sin kritikk på det eg meiner er ei manglande forståing av skilnaden på førebygging og etterretning. Ja, vi har ei brei tilnærming i handlingsplanen og sikter mot ei stor målgruppe – ikkje fordi mange blir radikaliserte, men fordi det ikkje finst nokon prototyp for kven som blir det. Å bruke ressursar tidleg for å hindre at ein ung person gjer eit feilgrep som kan få konsekvensar for resten av livet, er ei billig investering som kan føre til at Politiets tryggingsteneste (PST) får færre «klientar» i framtida.

Men dei som allereie er radikalisert og står klare for å reise til Syria, dei er ei sak for PST. Difor sørgjer regjeringa for at PST har tilstrekkelege ressursar og dei rette verktøya for å gjere ein skikkeleg etterretningsjobb.

Det gjeld å ha to tankar i hovudet samstundes på dette området. Det burde Gjerdåker også vurdere.