Historisk arkiv

Skredsikring av fylkesvegar 2014-2017: 2,6 milliardar kroner i statlege tilskott

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Sikring av skredutsette strekningar og punkt på vegnettet er ein viktig del av arbeidet for tryggare trafikk og eit meir effektivt transportsystem. Slike tiltak er også med på å få bort noko av den uvissa mange opplever når ein dagleg må ferdast langs vegar med fare for skred, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Sikring av skredutsette strekningar og punkt på vegnettet er ein viktig del av arbeidet for tryggare trafikk og eit meir effektivt transportsystem. Slike tiltak er også med på å få bort noko av den uvissa mange opplever når ein dagleg må ferdast langs vegar med  fare for skred.   

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet no har godkjent handlingsprogrammet for tildeling av statlege tilskott til skredsikring på fylkesvegane for dei fire åra 2014-2017.

I alt 2,63 milliardar 2014-kroner er for denne perioden fordelt til 12 fylke. Dei statlege tilskotta kjem i tillegg til midlane som fylkeskommunane sjølv løyver til skredsikring på fylkesvegane.

Rammene for tilskott har vore lagt fram for fylkeskommunane, som så har kome med innspel til fordeling av rammene  til dei einskilde skredsikringsprosjekta.

I eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet blir det vist til at fylkeskommunane sin faktiske bruk av tilkotta i åra 2010-2013 har vore vesentleg mindre enn det som opphavleg var lagt til grunn ved løyving og tildeling av statlege midlar til skredsikring på fylkesvegane.

- For å få rask framdrift i skredsikringa blir det lagt opp til at det kan omdisponerast midlar mellom prosjekt i eitt fylke og midlertidig mellom fleire fylke, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet vil følgje bruken av dei statlege tilskottsmidlane nøye ved at Statens vegvesen rapporterer til departementet gjennom året.

Fylkesvis fordeling 2014 - 2017

Midlane for statlege tilskott til skredsikring av fylkesvegar i perioden 2014-2017 er fordelte slik:

                                                                                Millionar 2014-kroner

Fylke

2014

2015

2016

2017

2014-2017

 

Akershus

 

 

 

54

54

 

Oppland

70

45

50

75

240

 

Telemark

25

 

 

 

25

 

Vest-Agder

15

55

71

15

156

 

Rogaland

60

29

 

 

89

 

Hordaland

109

132

57

10

308

 

Sogn og Fjordane

47

93

147

200

487

 

Møre og Romsdal

130

115

68

35

348

 

Sør-Trøndelag

39

17

63

50

169

 

Nordland

30

105

170

118

423

 

Troms

27

7

51

172

257

 

Finnmark

12

28

10

20

70

 

Sum

564

626

687

749

2 626

 

 

Fleire opplysningar: Sjå brev av 1. april 2014 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)