Snabelueren tilbake i nord

- Bestanden av snabeluer i Norskehavet og Barentshavet har vore svært liten i mange år. På grunn av fleire år med målretta reguleringstiltak for å byggje opp att bestanden er situasjonen blitt betre, og det er no ansvarleg å ta opp igjen fisket på denne bestanden, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Av ein totalkvote på 17 280 tonn har Nærings- og fiskeridepartementet sett av 16 780 tonn uer til snabeluerfiske nord for 62˚ N i 2014. Kvoten i år blir fordelt likt på dei fartøya som har rett til å delta i dette fisket. Per i dag gjeld det fartøy med torsketrålløyve eller seitrålløyve med heimel i konsesjonsforskrifta.

Det er lagt opp til at vanleg uer blir beskytta i fisket etter snabeluer, og at snabeluerbestanden blir beskytta i gytetida og i oppveksten.

Som ein følgje av at det blir opna for direkte fiske etter snabeluer (Sebastes mentella) har departementet også funne det naudsynt å endre utøvingsforskrifta.

(Snabeluer. Foto: Havforskningsinstituttet)