Historisk arkiv

Startar arbeid med konkurranseutsetjing av tårn- og sikringstenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi følgjer no opp det vi lova i regjeringas politiske plattform og har sett i gang førebuande arbeid for å leggje til rette for konkurranseutsetjing av tårn- og sikringstenester. Målet er meir konkurransedyktige lufthamner, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å sjå på kva for tenester innan flysikring som eignar seg for konkurranseutsetjing. Departementet vil òg vurdere om det skal opnast for at flysikringstenesta i Avinor skal få konkurrere i andre land, i ein framtidig konkurransesituasjon.

Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Avinor og Luftfartstilsynet vurdere juridiske, økonomiske, beredskapsmessige og organisatoriske sider ved konkurranseutsetjing og utarbeide ein framdriftsplan for arbeidet.

Flysikring i eige selskap

I ekstraordinær generalforsamling i april 2014 godkjente Samferdselsdepartementet Avinors planar om å skilje ut Flysikringsdivisjonen i Avinor i eit eige selskap. Utskiljinga vil vere klar i løpet av året.

- Dette er eit viktig steg på vegen mot å opne for konkurranse om tårntenester. Regjeringa vil bidra til at Avinor får byggje ei sikker, effektiv og konkurransedyktig flysikringsverksemd, seier samferdselsministeren.

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane