Historisk arkiv

Statlege bygg blir mørklagde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Laurdag 29. mars klokka 20.30 blir lysa i ei rekkje private og offentlege bygg skrudd av over heile verda. Earth Hour blir markert for å auke merksemda om klimautfordringane.

Laurdag 29. mars klokka 20.30 blir lysa i ei rekkje private og offentlege bygg skrudd av over heile verda. Earth Hour blir markert for å auke merksemda om klimautfordringane.

- Staten eig mange bygg over heile landet. Eg har oppfordra Statsbygg til å støtte verdas største kampanje for klimaet, Earth Hour. Statsbygg har følgt opp og eg er glad for at fleire statlege bygg blir mørke denne kvelden, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

I samarbeid med leigetakarar i statlege bygg rundt om i landet er målet at lyset i alle statlege bygg, så langt det er praktisk mogleg, blir skrudd av mellom 20.30 og 21.30.

- Staten skal gå føre og gjere sitt. Earth Hour i seg sjølv reddar ikkje verda, men slike tiltak er viktig for å auke bevisstheita hos oss alle. Staten skal gjere mykje, men kvar og ein av oss kan og må bidra i den store dugnaden som er naudsynt for å stoppe den globale oppvarminga, seier Sanner.

Se også: