Skogsvegar og antibiotikaresistente bakteriar

Statsbudsjettet 2015:

Set av 10 millionar kroner meir til skogsvegar. Antibiotikaresistente bakteriar - utvidar erstatningsordninga. Styrkjer Mattilsynet med 29 millionar kroner. Erstatningar etter naturskadar - 10 millionar kroner til nytt IKT-system.

Statsbudsjettet logo (FIN/Linda Astor)

  • Set av 10 millionar kroner meir til skogsvegar
  • Antibiotikaresistente bakteriar - utvidar erstatningsordninga
  • Styrkjer Mattilsynet med 29 millionar kroner
  • Erstatningar etter naturskadar - 10 millionar kroner til nytt IKT-system 
     

Skogsvegar og antibiotikaresistente bakteriar

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug set i statsbudsjettet for 2015 av meir pengar til skogsvegar og til tiltak mot antibiotikaresistente bakteriar. 

– Mangelen på skogsvegar er den store flaskehalsen for å få ein betre bruk av skogane våre, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. – Den raudgrøne regjeringa som i eigne augo var opptekne av miljøet, forsømte seg ved ikkje å satse på skogbruket, seier Listhaug. 

10 millionar kroner meir til skogsvegar
Det siste året har regjeringa auka dei offentlege løyvingane til infrastrukturtiltak i skogen med 30 prosent til i alt 99 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort framlegg om å løyve 10 nye millionar til føremålet. Noreg har lågare skogsvegdekning enn samanliknbare land og over tre fjerdedelar av skogsvegnettet er meir enn 25 år gamalt. Vidareutvikling av ein hensiktsmessig infrastruktur i skogen, med nybygging og modernisering, vil krevje store investeringar framover. Samla investeringsbehov for skogsvegar er anslege til rundt 500 millionar kvart år dei neste 20 åra. 

– Det er ikkje det offentlege som skal koste alle desse vegane, understrekar Listhaug. - Men ei offentleg krone til skogsvegar utløyser gjerne to private kroner til same føremålet. Sett i høve til dei verdiane som tømmeret langs desse skogsvegane i sin tur skapar gjennom vidareforedling og industri, kan den eine offentlege krona gi fleire ti-talls kroner attende til samfunnet, seier Listhaug. 

Norsk husdyrhald skal vere fritt for antibiotikaresistente bakteriar
Regjeringa gjer framlegg om å utvide erstatningsordninga til bønder som får produksjonstap på grunn av antibiotikaresistente bakteriar. Kostnadene er rekna til å bli 1,5 – 3,5 millionar kroner pr år. Regjeringa foreslår å styrkje overvaking og forsking på området. 

– Medan antibiotikaresistente bakteriar har fått stort omfang i husdyrhaldet i mange andre land, er Noreg takka vere svært lite bruk av antibiotika, i den unike situasjonen at vi har som mål at antibiotikaresistente bakteriar hjå husdyra våre ikkje skal utgjere noko helseproblem, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. 

Dyr som er smitta med antibiotikaresistente bakteriar blir vanlegvis ikkje sjuke, men dei kan vere ei smittekjelde for menneske. 

– Det er urimeleg at bønder som uforskyldt får slik smitte blant dyra sine, skal måtte ta kostnadene sjølve. Ei betre erstatningsordning vil redusere den einskilde bonden sin økonomiske risiko ved ein smittesituasjon, og den vil også sikre at det faktisk blir varsla der slik smitte blir påvist, seier Listhaug. 

Styrking av Mattilsynet
Regjeringa gjer framlegg om 29 millionar kroner til nye satsingar på desse områda under Mattilsynet: forsøksdyr, plantevernmiddel, tilsyn med lakselus, utsteding av sjømatattestar. 

Enklare naturskadeerstatning
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til nytt IKT-system for å effektivisere og forenkle sakshandsaminga i samband med erstatningar etter naturskadar. 

– Med ny naturskadelov skal ikkje politiet lenger bruke ressursar på å taksere naturskadar, så vi vil frigjere pengar på politibudsjettet. Ein enklare forvaltingsmodell, vil redusere handsamingstida og gi raskare utbetaling for dei som er råka. Denne IKT-løysinga vil spare det offentlege for  fleire millionar kroner kvart år, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. 

Stortinget har vedteke at Landbruksdirektoratet skal få forvaltingsansvaret for naturskadeerstatningssaker. Tidlegare har lensmennene hatt ansvaret for å taksere skadar, medan direktoratet har handsama sakene. No skal den som er ramma av naturskadar sjølv dokumentere skadeomfanget og melde dette til direktoratet som handsamar saka.