Vis heile kalenderen

03.06.2014

  • Statsminister Erna Solberg besøkjer kontraterrorøvinga Gemini

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Stavanger

    Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen besøkjer kontraterrorøvinga Gemini i Stavanger.

    Kl. 09.30: Besøk på Politihuset i Stavanger. Det vil vere mogleg å fotografere ved ankomst.

    Kl. 12.45: Besøk på Sola flystasjon (militær side, innkøyring frå Sola sentrum), kor statsministeren og justis- og beredskapsministeren møter Beredskapstroppen i politiet og Forsvarets spesialstyrkar.

    Journalistar som skal inn på Sola flystasjon må melde seg på til Fredrik Tandberg (tandberg@army.no) seinast måndag 2. juni kl. 18.00. Oppmøte for media i vakta på Sola flystasjon seinast kl. 12.30 tysdag 3. juni.

    Statsministeren vil også besøkje Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet på Universitetet i Stavanger og Statoil.

    Bilete frå øvinga vert fortløpande lasta opp til Forsvarets mediearkiv.

    Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er politisk rådgivar André Kolve, telefon 977 20 535.