Vis heile kalenderen

23.06.2014

  • Statsminister Erna Solberg til Roma

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Statsminister Erna Solberg møter Italias statsminister Matteo Renzi i Roma. Italia overtek EU-formannskapen 1. juli, og statsministrane vil drøfte aktuelle EU- og EØS-saker. Dei vil mellom anna diskutere dei felles utfordringane Europa står overfor med omsyn til migrasjon over Middelhavet. Solberg skal òg møte Italias president Giorgio Napolitano og eksekutivdirektør Ertharin Cousin i Verdas matvareprogram. Statsministeren skal vidare besøke den italienske kystvaktas operasjonssenter i Roma.

    Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.