Statsminister Solberg besøkte Riga

8. desember besøkte statsminister Erna Solberg Riga. Statsministeren hadde møte med både den latviske statsministeren og presidenten.

Statsministerne Solberg og Straujuma. Foto: Den norske Ambassaden i Riga

8. desember besøkte statsminister Erna Solberg Riga. Statsministeren hadde møte med både den latviske statsministeren og presidenten.

1. januar 2015 overtar Latvia EU-formannskapet etter Italia. Mellom anna i samband med det påtroppande EU-formannskapet, besøkte statsministeren Riga måndag 8. desember.

- Dette er ein viktig del av regjeringas europapolitikk. Det er viktig med god dialog med latviske styresmakter, og eg hadde gode samtaler i Riga, seier statsminister Erna Solberg. Ho legg vekt på det gode forholdet mellom Latvia og Noreg.

- Det er tette band mellom landa våre, og meir enn 300 ulike norske verksemder er etablert i Latvia. Noreg er blant dei aller største investorane i landet, seier statsministeren.

Energi og klima er viktige samarbeidsområde. Også tryggingspolitiske spørsmål stod på dagsordenen. Norsk militært personell har nyleg deltatt på øvingar i Latvia.

I tillegg til møtet med statsminister Straujuma, hadde Solberg òg møte med president Berzins og parlamentspresidenten. Dei to statsministrane la ned krans på fridomsmonumentet og statsminister Erna Solberg vitja Okkupasjonsmuseet. Den norske statsministeren møtte òg representantar frå norsk næringsliv i Latvia.