Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Nordland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Statsministeren besøkjer Nordland. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker deltek på delar av besøket.

Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 11.05: Statsministeren og fiskeriministeren besøkjer Nordlaks på Stokmarknes, der dei får ei orientering om drifta og omvising i lakseslakteriet. Nordlaks er eit av dei største havbrukskonserna i Noreg. Adresse: Industriveien 14, Stokmarknes.

Kl. 12.15: Statsministeren og fiskeriministeren besøkjer Vesteraalens fabrikk på Sortland, der dei får ei orientering om produksjonen av fiskebollar og fiskeoljer. Adresse: Havnegata 17.

Kl. 14.15: Statsministeren og fiskeriministeren møter den 18 år gamle fiskaren Magnus Andersen om bord i båten hans, ved den kommunale flytebrygga i Andenes østre havn. 

Kl. 14.50: Statsministeren besøkjer Andøya flystasjon, der ho får ei orientering av sjefen ved flystasjonen, oberst Gerhard Larsen. Orienteringa er lukka for pressa, men det vil vere mogleg for presse å fotografere når statsministeren blir tatt imot. På grunn av adgang til stasjonen, treng me ei tilbakemelding frå presse som ønskjer å vere til stades.

Kl. 16.00: Statsministeren står for den offisielle opninga av lærings- og opplevingssenteret «Romskipet Aurora» på Andøya Rakettskytefelt. Deretter vil skuleelevar ta statsministeren med inn i romskipet og vise henne korleis det fungerer.

Kl. 17.30: Statsministeren deltek på treningstokt med eit av Forsvaret sine Orionfly, frå Andenes til Bodø. Ein liten pool av fotografar kan delta på flyturen, med deltakarar frå Scanpix, NRK og TV2.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek på partimøte i regi av Høgre i Nordland. Møtet går føre seg i kantina på Jakhelln Brygge i Bodø. Adresse: Torvgata 2.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Pressekontakt for fiskeriministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 452 41 874.