Historisk arkiv

Statsministeren inviterer til møte om hatefulle ytringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Parkveien 45 i Oslo

Statsminister Erna Solberg, barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner inviterer til møte om hatefulle ytringar.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.30.

Deltakarar på møtet er representantar frå organsiasjonar, men også einskildpersonar, som har blitt utsatt for hatytringar på grunn av si seksuelle orientering, etnisk eller religiøs bakgrunn, funksjonsevne eller kjønn. Det er også deltakarar til stades som har blitt utsatt for hatytringar fordi dei er den dei er.

Desse held innlegg på møtet: Likestillings- og diskrimineringsombud Sunniva Ørstavik, seniorrådgiver hos politiet Ingjerd Hansen og advokat Jon Wessel-Aas. Desse deltek òg: Ingrid Haukland, Linnea Myhre, Mina Adampour, Ervin Kohn og Bård Nylund.

Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 10.00.

Møtedeltakarane er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 12.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 11.45.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
Pressekontakt for barne-, likestillings- og inkluderingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Wullum-Lindberg, telefon: 980 46 671.
Pressekontakt for kommunal- og moderniseringsministeren er kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, telefon 971 64 835.