Historisk arkiv

Statsministeren inviterer til møte om skrive- og lesevanskar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Parkveien 45 i Oslo

Statsminister Erna Solberg, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson inviterer til møte om skrive- og lesevanskar.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Deltakarar på møtet er elevar med lese- og skrivevanskar, lærarar, rektorar, forskarar, fagpersonar og representantar frå næringsliv og forleggjar- og forfattarbransjen.

Om lag ein av fem elevar slit med lese- og skrivevanskar i større eller mindre grad. 

I tillegg til statsministeren held følgjande personar innlegg:

  • Erling Kagge, jurist og forlagssjef i Kagge Forlag. Han fortel om eigne erfaringar med lese- og skrivevanskar.
  • Oddny Judith Solheim er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Hennar forskingsområde er mellom anna lese- og skrivevanskar, og ho er prosjektleiar for forskingsprosjektet ”På Sporet”.
  • Petter M. Kristiansen er rektor ved Benterud skule (1. - 7. klasse), som er sertifisert av Dysleksi Noreg som «Dysleksivennleg skule».
  • Anne Marit Valle er førstelektor ved Universitetet i Nordland. Ho er òg barnehagelærar, lærar, lærarutdannar og forskar.  

Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 13.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.45.

Møtedeltakarar er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 15.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 14.45.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.
Pressekontakt for kunnskapsministeren er Anbjørg Bakken, telefon 990 09 260.
Pressekontakt for arbeids- og sosialministeren er Trond Rasmussen, telefon 980 53 219.