Statsministeren til Sogn og Fjordane

Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane tysdag 8. april.

Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane tysdag 8. april.

Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 09.20: Statsministeren besøkjer Westcon Yard i Florø, der ho møter næringsliv frå heile fylket for å diskutera konkurransekraft og verdiskaping. Desse bedriftene deltek i møtet:

Elkem Bremanger, Flora Industri- og næringsforening, Highsoft, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Marø Havbruk, Paneda, SafeClean, Sogn og Fjordane Energi, Strukturplast, Visit Sognefjord, Westcon Yard og Åsen & Øvrelid. I tillegg deltek Sogn og Fjordane fylkeskommune, LO og NHO.

Statsministeren får også ei omvising ved Westcon Yard.

Kl. 12.05: Statsministeren besøkjer Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde, der ho møter studentar som går yrkesfagleg veg (y-veien) til ingeniør. Statsministeren får også ei orientering om satsinga på ingeniørutdanninga i Førde.

Kl. 14.25: Statsministeren besøkjer Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal (Stadionbygget), der ho blant anna får ei orientering om etter- og vidareutdanning av lærarar. Ho møter også nokre av lærarane som tek vidareutdanning.

Kl. 15.10: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Fjordenergi Sogndal. Anlegget hentar sjøvatn frå 50-60 meters djup i Sognefjorden og brukar dette til å produsera varmt vatn til oppvarming av fleire bygningar i Sogndal. Anlegget produserer også kjøling.

Kl. 16.10: Statsministeren deltek i partimøte i regi av Høgre i Sogn og Fjordane på Quality Hotel Sogndal.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.