Statsministeren vitjar flaumområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Priv. til red.:
Pressemelding | Nr: 118/2014 | Dato: 31.10.2014 | Sist oppdatert: 15.11.2014
Laurdag 1. november vitjar statsminister Erna Solberg fire kommunar på Vestlandet som er råka av flaum.
Statsministeren ønskjer å sjå dei flaumråka områda og møte personar som sjølve er råka av flaumen. Solberg vil også møte friviljuge, tilsette som har vore ute i felten og kommuneleiinga.
MERK! Ved dårleg flyvêr kan besøket, eller delar av besøket, verte avlyst.
Statsministeren vil vere tilgjengeleg for pressefolk under kvart av dei fire besøka.
Laurdag 1. november
Kl. 1035 Framkomst Odda
Kontaktperson: ordførar John Opdal, telefon 975 58 400
Oppmøtestad: Eitrheim, Odda Trafikkstasjon.
Kl. 1200 Framkomst Voss
Kontaktperson: ordførar Hans Erik Ringkjøb, telefon 971 38 720
Oppmøtestad: Park Hotel, Voss.
Kl. 1325 Framkomst Aurland-Flåm
Kontaktperson: ordførar Noralv Distad, telefon 959 84 638
Oppmøtestad: parkeringsplassen ved Flåm Skule.
Kl. 1440 Framkomst Lærdal
Kontaktpersonar: ordførar Jan Geir Solheim, telefon 988 88 800
eller rådmann Alf Olsen Jr., telefon 975 39 292
Oppmøtestad: Håbakken.
Pressekontakt for statsministeren: kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.