Priv. til red.:

Statsministerens deltaking på arrangement i samband med Grunnlovsjubileet

Statsminister Erna Solberg vil delta på ei rekkje arrangement i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova. Her følgjer ei oversikt over dei mest sentrale arrangementa i mai.

Statsminister Erna Solberg vil delta på ei rekkje arrangement i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova. Her følgjer ei oversikt over dei mest sentrale arrangementa i mai:

Onsdag 14. mai: Statsministeren deltek på festmiddag for landets ordførarar, i Oslo rådhus kl. 19.00. Det vil vera mogleg å fotografera når gjestane kjem til rådhuset. Rådhusets pressekontakt er Ingvild Åsgård, telefon 954 44 751.

Torsdag 15. mai: Regjeringa er til stades på Stortingets jubileumsmøte kl. 12.00. Ved grunnlovsjubileum er det tradisjon at Stortinget arrangerer eit jubileumsmøte i dagane før 17. mai. Statsministeren deltek deretter på eit publikumsarrangement på Eidsvolls plass. Meir informasjon om dei to arrangementa finn du på Stortingets nettsider.

Fredag 16. mai: Statsministeren utfører den offisielle opninga av Kong Christian Frederiks plass på Marineholmen i Bergen. Arrangementet startar kl. 16.30.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland,
telefon 930 51 458.

Kontaktperson i Bergen er formann i 17. mai-komiteen Arne Storetvedt, telefon
909 52 140.

Laurdag 17. mai: Bergen og Eidsvoll
Kl. 08.30: Statsministeren taler og legg ned krans ved minnetavla om Bjørnstjerne Bjørnson på Wernersholm i Fana. Bjørnson skreiv teksten til «Ja, vi elsker» på Wernersholm i 1859. Songen vart framført offentleg for første gong for 150 år sidan, ved grunnlovsjubileet i 1864.

Kl. 09.00: Statsministeren taler ved kransenedlegginga ved Nina og Edvard Griegs grav på Troldhaugen i Fana.

Kontaktperson i Bergen for arrangementa på Wernersholm og Troldhaugen er leiar i 17. mai-komiteen for Fana bystrøk Eivind Hermansen, telefon 975 55 935.

Kl. 10.30: Statsministeren går i hovudprosesjonen i Bergen.

Kl. 12.45: Statsministeren er til stades på 17. mai-arrangementet på Festplassen, der ho held hovudtalen.

Kl. 18.30: Statsministeren kjem til Eidsvoll, der ho skal delta på Grunnlovsjubileets hovudarrangement. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i presseområdet framfor Eidsvollsbygningen i tidsrommet 18.30-ca. 18.50.

Kl. 19.30: Statsministeren er til stades på Grunnlovsjubileets hovudarrangement på Eidsvoll. Meir informasjon om arrangementet finn du på grunnloven200.no.

Pressekontakt for statsministeren i Bergen og på Eidsvoll er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Søndag 18. mai: Statsministeren og stortingspresidenten er vertskap ved avdukinga av Christian Frederik-monumentet på Eidsvolls plass ved Stortinget. Monumentet er regjeringa si gåve til Stortinget i samband med grunnlovsjubileet.

Monumentet blir avduka av H.M. Dronning Margrethe av Danmark. DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja og H.K.H. Prins Henrik av Danmark vil også vere til stades. I tillegg vil Stortingets presidentskap, juryen som har plukka ut kunstnaren og kunstnar Kristian Blystad delta på arrangementet.

Arrangementet startar kl. 12.00 og er ope for publikum. Etter avdukinga er det ei mottaking for inviterte gjestar i historisk sal på Stortinget.

Me ber presse om å akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 15. mai kl. 12.00.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon
957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Pressekontaktar på Stortinget er kommunikasjonsrådgivar Jorunn Nilsen, telefon
938 98 200 og kommunikasjonsansvarleg for grunnlovsjubileet Hanne Hjelbak, telefon 924 25 665.

Pressekontakt på Slottet: assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen, telefon 908 26 849. 

Måndag 19. mai:  
Statsministeren og fleire regjeringsmedlemmer er til stades på eit arrangement som markerer 200-årsjubileet for regjering og departement, ved Karpedammen på Akershus festning kl. 11.00. Tilsette og tidlegare tilsette i departementa er inviterte. H.M. Kong Harald, stortingspresidenten, høgsterettsjustitiarius og fleire tidlegare statsministrar er til stades. Arrangementet er sett saman av talar, musikk og kulturelle innslag.

Arrangementet vil bli overført direkte på nett-tv på regjeringa.no. Det vert lagt til rette for tapping av lyd og bilete for pressa. Me kjem tilbake med meir detaljert informasjon.

Me ber presse om å akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 15. mai kl. 12.00.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon
957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 23. mai:
Kl. 20.00: Statsministeren er til stades på dansk-norsk gallaforestilling i Operaen i København. Den norske og den danske statsministeren taler under arrangementet. I samband med besøket til København vil statsministeren også ha politiske samtalar med Danmarks statsminister Helle Thorning-Schmidt. Me kjem tilbake med eit meir detaljert program.  

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.