Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 11

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 10. mars – onsdag 12. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2015 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell i Hurdal 10. - 12. mars.

Statsministeren og finansministeren er tilgjengelege for akkreditert presse måndag morgon, før budsjettkonferansen byrjar.

Det er ikkje lagt opp til ytterlegare pressetilgjengeligheit i løpet av budsjettkonferansen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Torsdag 13. mars
Kl. 09.00: Regjeringa inviterer sentrale næringslivsaktørar, stortingspolitikarar, og  arbeidslivs- og miljøorganisasjonar til dialogmøte om vegen fram til lågutslepp- samfunnet. Konferansen vil også vere ein arena for innspel til regjeringa sitt arbeid med å forsterke klimaforliket.

Konferansen finn stad i Oslo rådhus og er open for presse. Akkreditering innan fredag 7. mars. Sjå nettsida til Klima- og miljødepartementet for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 16.00: Statsministeren taler på Elevtinget 2014 i Oslo Kongressenter.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.