Priv. til red.:

Statsministerens program veke 13

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på Nuclear Security Summit (NSS) i Haag.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 24. og tysdag 25. mars
Statsminister Erna Solberg deltek på Nuclear Security Summit (NSS) i Haag.

På initiativ frå president Obama vart Nuclear Security Summit (NSS) første gong arrangert i Washington DC i 2010. Formålet var å etablere eit internasjonalt samarbeid for å sikre kjernefysisk materiale og å førebyggje kjernefysisk terrorisme. Det andre NSS vart arrangert i Seoul i 2012 med 53 deltakande land.

Sjå eiga pressemelding med fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Laurdag 29. mars
Kl. 11.45: Statsministeren taler på Høgres kampanjesamling i Oslo. Stad: Radisson Blu Scandinavia.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.