Priv. til red.:

Statsministerens program veke 14

I veke 14 taler statsministeren blant anna på årskonferansen til Norges Rederiforbund, Kommunalpolitisk toppmøte og Subsea Valley-konferansen. I tillegg tek statsministeren og kulturministeren imot norske deltakarar og støtteapparat frå OL og Paralympics i Sotsji til ei mottaking.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 31. mars
Kl. 12.10: Statsminister Erna Solberg taler på årskonferansen til Norges Rederiforbund. Stad: Ballroom, Nedre Vollgate 11.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 13.00: Statsministeren taler på Høgre sin ordførarkonferanse, på Radisson Blu Plaza Hotel.

Tysdag 1. april
Kl. 09.00: Statsministeren taler på kommunalpolitisk toppmøte i regi av KS. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 15.30: Statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Elisabeth Aspaker besøkjer Lerøy Vests matfiskanlegg på Rongøy i Øygarden kommune i Hordaland. Presse kan vere med i båttransport frå Flesland kai. Frammøte på kaia seinast klokka 14.20. På grunn av avgrensa plass i båten ber me presse som ønskjer å vere med om å melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 31. mars klokka 12.00.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Pressekontakt for fiskeriministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dånes, telefon 452 41 874.

Onsdag 2. april
Kl. 09.20: Statsministeren taler på Subsea Valley-konferansen på Telenor Arena.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 4. april
Kl. 17.00: Statsministeren og kulturministeren inviterer norske deltakarar og støtteapparat frå OL og Paralympics i Sotsji til mottaking i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Hans Majestet Kong Harald vil også vere til stades.

Det vil vere mogleg å fotografere ved ankomst og helsing på medaljevinnarane. Presse som ønskjer å vere til stades må møte opp ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 16.30.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Pressekontakt for kulturministeren er kommunikasjonssjef Hanne Gjørtz, telefon 957 55 213.

Laurdag 5. april
Statsministeren besøkjer Moderaternas Sverige-møte i Gøteborg, der ho taler i tidsrommet 11-12. Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt deltek også på arrangementet.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.