Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren besøkjer Nordland tysdag 29. april.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. april
Kl. 17.30: Statsminister Erna Solberg møter Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier på Statsministerens kontor. Det er mogeleg å fotografere ved starten av møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 29. april
Statsministeren besøkjer Nordland. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker deltek på delar av besøket.

Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 11.05: Statsministeren og fiskeriministeren besøkjer Nordlaks på Stokmarknes, der dei får ei orientering om drifta og omvising i lakseslakteriet. Nordlaks er eit av dei største havbrukskonserna i Noreg. Adresse: Industriveien 14, Stokmarknes.

Kl. 12.15: Statsministeren og fiskeriministeren besøkjer Vesteraalens fabrikk på Sortland, der dei får ei orientering om produksjonen av fiskebollar og fiskeoljer. Adresse: Havnegata 17.

Kl. 14.15: Statsministeren og fiskeriministeren møter den 18 år gamle fiskaren Magnus Andersen om bord i båten hans, ved den kommunale flytebrygga i Andenes østre havn. 

Kl. 14.50: Statsministeren besøkjer Andøya flystasjon, der ho får ei orientering av sjefen ved flystasjonen, oberst Gerhard Larsen. Orienteringa er lukka for pressa, men det vil vere mogleg for presse å fotografere når statsministeren blir tatt imot. På grunn av adgang til stasjonen, treng me ei tilbakemelding frå presse som ønskjer å vere til stades.

Kl. 16.00: Statsministeren står for den offisielle opninga av lærings- og opplevingssenteret «Romskipet Aurora» på Andøya Rakettskytefelt. Deretter vil skuleelevar ta statsministeren med inn i romskipet og vise henne korleis det fungerer.

Kl. 17.30: Statsministeren deltek på treningstokt med eit av Forsvaret sine Orionfly, frå Andenes til Bodø. Ein liten pool av fotografar kan delta på flyturen, med deltakarar frå Scanpix, NRK og TV2.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek på partimøte i regi av Høgre i Nordland. Møtet går føre seg i kantina på Jakhelln Brygge i Bodø. Adresse: Torvgata 2.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Pressekontakt for fiskeriministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 452 41 874.

Onsdag 30. april
Kl. 10.50: Statsministeren tek imot det belgiske kongeparet på Statsministerens kontor.

Det er mogleg å fotografere når kongeparet kjem til Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Ein pool av fotografar kan jobba ved starten av samtalane.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.