Priv. til red.:

Statsministerens program veke 20

Statsministeren deltek denne veka mellom anna i feiringa av nasjonaldagen i Bergen og på Eidsvoll.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. mai
Kl. 20.00: Statsministeren deltek i kongeparets gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket til Israels president Shimon Peres.

Tysdag 13. mai
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg og Israels president Shimon Peres møtest for politiske samtalar, etterfølgt av ein pressekonferanse.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Oppmøte for akkreditert presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.00. Sjå pressemelding frå Utanriksdepartementet for fleire detaljar.

Kl. 11.10: Statsminister Erna Solberg besøker Capio anoreksi-senter i Fredrikstad. Adresse: Jens Wilhelmsens gate 1 (Inngang E), Kråkerøy.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland besøkjer Borregaard i Sarpsborg. Tema for besøket er næringsretta forsking. Adresse: Hjalmar Wessels vei 10, Sarpsborg.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Onsdag 14. mai
Kl. 17.00: Statsministeren er til stades ved Kapitals kåring av Noregs mektigaste kvinner. Adresse: Hoffsveien 70A.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på festmiddag for landets ordførarar, i Oslo rådhus. Det vil vera mogleg å fotografera når gjestane kjem til rådhuset. Rådhusets pressekontakt er Ingvild Åsgård, telefon 954 44 751.

Torsdag 15. mai
Kl. 12.00: Regjeringa er til stades på Stortingets jubileumsmøte i Stortinget. Sjå pressemelding om statsministerens deltaking på arrangement i samband med grunnlovsjubileet for detaljar.

Fredag 16. mai
Kl. 16.30: Statsministeren utfører den offisielle opninga av Kong Christian Frederiks plass på Marineholmen i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades på Brann stadion når Brann møter Bodø/Glimt.

Laurdag 17. mai
Statsministeren deltek i feiringa av nasjonaldagen i Bergen og på Eidsvoll. For fleire detaljar om programmet, sjå pressemelding om statsministerens deltaking på arrangement i samband med grunnlovsjubileet.

Søndag 18. mai
Kl. 12.00: Statsministeren og stortingspresidenten er vertskap ved avdukinga av Christian Frederik-monumentet på Eidsvolls plass ved Stortinget.

Me ber presse om å akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 15. mai kl. 12.00.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.