Priv. til red.:

Statsministerens program veke 24

Statsministeren møter denne veka mellom anna Tysklands president Joachim Gauck.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 10. juni
Kl. 09.00: Statsministeren opnar konferansen «Hull i CV’en – se mulighetene». Konferansen handlar om psykisk helse og arbeidsliv. Stad: Diakonhjemmet, DBL-bygget, Diakonveien 18 i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 10.00: Regjeringa, representert ved statsminister og politisk leiing i ni departement, legg fram nye konkrete tiltak for å hindre radikalisering og valdeleg ekstremisme.

I sitt arbeid med handlingsplanen har regjeringa involvert alt frå politi, barnevern, helsevesen, forskingsmiljø og fritidsklubbar til utlendingsforvaltning, kriminalomsorg og tilsette i skulen.

Oppmøte for presse innan kl. 09.30. Mogleg å få bilete av politikarene i Politihøgskulens bakhage, ca. kl. 09.45. Pressekonferansen startar kl. 10.00. Stad: Politihøgskulen, Slemdalsveien 5 (Majorstua) i Oslo.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 11.45: Statsministeren deltek på kranselag på Veitvet skole i Groruddalen. Skulen vert bygd som offentleg-privat samarbeid. Stad: Veitvetveien 17 i Oslo.

Kl. 14. 30: Statsministeren besøkjer Mustad Næringspark i Gjøvik der ho møter representantar frå næringsliv, akademia og samfunnsliv. Tema for møtet er korleis kunnskap og samarbeid mellom kompetansemiljø og næringsliv kan styrkja regionenes og nasjonens konkurransekraft. Stad: Mustad næringspark, Raufossvegen 40 i Gjøvik.

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Monsterbedriften AS. Bedrifta ble kåra til årets sosiale entreprenør i 2013 og har tilbod til ungdom som har problem med å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Stad: Jørgen Moesgate 5 i Gjøvik.

Kl. 18.30: Statsministeren besøkjer Spetals Verk i Kongsvinger, der ho møter representantar frå lokalt næringsliv. Stad: Galterudvegen 701 i Kongsvinger.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216

Onsdag 11. juni
Kl. 12.00: Statsministeren tek imot Tysklands president Joachim Gauck til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Det er høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Ein fotopool med NTB scanpix og NRK/TV eller TV2 som norske deltakarar kan arbeide inne ved starten av møtet. Etter samtalen, om lag kl. 12.30, held statsministeren og presidenten pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 14.00: Statsministeren taler til skuleleiarar i Oslo kommune. Stad: Gamle Logen, Grev Wedels plass 2 i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Tyskland.

Torsdag 12. juni
Kl. 12.00: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj på Akershus slott, i høve den tyske presidentgjestinga. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 11.30. Ein fotopool med NTB scanpix og NRK/TV eller TV2 som norske deltakarar kan arbeide innandørs idet gjestane går til bords.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 13. juni
Kl. 11.15: Statsministeren og utanriksministeren besøkjer Brannfjell skole i Oslo. Tema: Regjeringas satsing på utdanning i utviklingspolitikken. Stad: Ekebergveien 111 i Oslo.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216. Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, telefon 922 847 52.

Kl. 17.00: Statsministeren besøkjer arrangementet The Performance Theatre i Oslo rådhus, der ho taler om globale utfordringar og betydinga av utdanning for å løyse dei.

Presse som ønskjer å delta når statsministeren taler, kan møta opp ved inngangen ved Fridtjof Nansens plass kl. 16.45.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Lørdag 14. juni
Kl. 11.00: Statsministeren tar imot Malala Yousafzai frå Pakistan til eit lunsjmøte saman med utanriksminister Børge Brende. Tema for møtet er jenter og utdanning. Stad: Statsministerboligen, Inkognitogaten 18 i Oslo.

Ein pressepool med NRK TV/TV2 samt NTB scanpix og Reuters kan arbeide ved starten av møtet.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216. Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, telefon 922 847 52.

Kl. 20.00: Statsministeren taler under feiringa av 150 årsjubileet til DNV GL på Høvik.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Statsministeren til Afrika i juli
1. – 4. juli reiser statsminister Erna Solberg til Afrika for å følgje opp sitt engasjement i FNs generalsekretærs pådrivargruppe for FNs tusenårsmål. Solberg leiar denne gruppa saman med Rwandas president, Paul Kagame. Statsministeren besøkjer Sør-Afrika, Malawi og Rwanda. Utanriksminister Børge Brende deltar på besøket til Sør-Afrika og Malawi.

Påmelding innan 10. juni 2014. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.