Priv. til red.:

Statsministerens program veke 28

Denne veka møter statsministeren USAs justisminister. I tillegg besøkjer ho CISVs barneleir i Ski og Tysnesfest i Våge på Tysnes.

Tysdag 8. juli
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg møter USAs justisminister Eric H. Holder, på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet.

Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 09.30.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer CISVs barneleir på Bøleråsen skole i Ski kommune, der 11-åringar frå heile verda er samla.

Pressekontakt er politisk rådgivar Tom Erlend Skaug, telefon 907 36 498.

Laurdag 12. juli
Kl. 09.45: Statsministeren besøkjer Tysnesfest, i Våge på Tysnes.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.