Priv. til red.:

Statsministerens program veke 33

Statsministeren besøkjer Bardufoss, Tromsø og Arendal denne veka.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 12. august
Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide besøkjer Hæren og Brigade Nord i Bardufoss.

Kl. 08.05: Møte med nye rekruttar på Stridstrenbataljonen i Rusta leir.

Kl. 08.35: Statsministeren og forsvarsministeren får orienteringar om Brigade Nord i felt og Hærens bidrag til sivil beredskap på Fossmofeltet.

Kl. 09.10: Statsministeren og forsvarsministeren møter Panserbataljonen og deltek ved demonstrasjon av Panserbataljonens verksemd på Fossmofeltet.

Presse som ønskjer å dekke besøket kan kontakte kaptein Øivind Baardsen, Presse- og informasjonsoffiser i Hæren på telefon 400 29 634 eller baardsen@army.no for detaljer.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 13.25: Statsministeren besøkjer Sjakk-OL i Tromsø. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 14.45.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 14. august
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Røde Kors kor ho tek i mot ein rapport om beredskap og ekstremvær og deltek i ei beredskapsøving i Pollen i Arendal. Statsministeren vil òg døype eit Røde Kors-fartøy. Tid til presse om lag kl. 14.45. Adresse: Langbryggen 15 i Arendal.

Kl. 15.00: Statsministeren møter NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen i Arendal. Dei vil mellom anna drøfte det føreståande NATO-toppmøtet og situasjonen i Ukraina. Statsministeren og generalsekretæren er tilgjengelege for presse om lag kl. 15.45. Stad: Clarion Hotel Tyholmen, Teaterplassen 2.

Kl. 21.30: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Fredag 15. august
Kl. 12.30: Statsministeren deltek i Kirkens Nødhjelps utspørjing om utviklingspolitikk i Arendal. Stad: Stand nr. 76.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon: 920 49 543.

Laurdag 16. august
Kl. 19.00: Statsministeren er til stades under opninga av Oslo Kammermusikkfestival i Universitetets aula i Oslo.

Søndag 17. august
Ca. kl. 14.30: Statsministeren besøkjer sykkelrittet Arctic Race of Norway i Tromsø.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.