Priv. til red.:

Statsministerens program veke 34

Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tord Lien deltek denne veka i den offisielle opninga av Gudrun-plattforma på Gudrunfeltet i Nordsjøen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. august
Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg utfører den offisielle opninga av nye Hersleb vidaregåande skule. Adresse: Herslebsgate 20B i Oslo.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 19. august
Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tord Lien deltek i den offisielle opninga av Gudrun-plattforma på Gudrunfeltet i Nordsjøen.

Det er avgrensa tilgjenge for presse. Pressekontakt for Statoil er Ørjan Heradstveit, telefon 917 78 161.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Onsdag 20. august
Statsministeren besøkjer Nordland.

Kl. 10.30: Statsministeren og helseminister Bent Høie taler ved opninga av Nordlandssjukehuset i Stokmarknes. Sjå nettsidene til Helse Nord for fleire detaljar

Kl. 12.30: Statsministeren deltek under medaljeseremoni for operasjon RECSYR i Sortland.

Ca. kl. 16.45: Statsministeren besøkjer fiskeindustribedrifta Hopen fisk AS i Lofoten. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 24. august

Kl. 14.20: Statsministeren er til stades under NM i friidrett på Jessheim. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.