Priv. til red.:

Statsministerens program veke 35

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna ONS-konferansen (Offshore Northern Seas 2014) i Stavanger.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 25. august
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg taler under opninga av ONS-konferansen (Offshore Northern Seas 2014) i Stavanger. Stad: Clarion Hotel Energy.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse i foajeen etter programslutt, om lag kl. 12.05. Ho deltek òg på lunsjen til Stavanger kommune og omvising på ONS i Stavanger Forum.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 18.40: Statsministeren held ein appell framfor Stortinget i samband med fellesmarkeringen mot ISIS.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 29. august
Kl. 20.00: Statsministeren er til stades under premièren på Woyzeck på Det Norske Teatret.

Laurdag 30. august
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på jubileumsbanketten til Operasjon Dagsverk. Stad: Kanonhallen, Peter Møllersvei 2 i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.