Priv. til red.:

Statsministerens program veke 40

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen lanserer tysdag strategien Lærerløftet – ein strategi der regjeringa satsar på kunnskapsskulen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 30. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen lanserer strategien Lærerløftet – ein strategi der regjeringa satsar på kunnskapsskulen.

Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, Pilestredet 46, auditorium Athene 1.

Lanseringa overførast direkte på regjeringen.no. Medier som ønskjer avtale om publiseringspunkt kan kontakte Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon på 22 24 50 00 eller ifa-brukersenter@dss.dep.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 92887886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 2. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på den høgtidelege opninga av det 159. Storting.

Fredag 3. oktober
Kl. 13.20: Statsministeren deltek på landsmøtet til Røde Kors i Trondheim i samband med organisasjonens 150-årsjubileum. Ho får ei omvising på jubileumsutstillinga, og taler til landsmøtet. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa om lag kl. 13.45.

Adresse: Clarion Hotel & Congress, Brattørkaia 1.

Pressekontaktar er politisk rådgivar  Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.