Priv. til red.:

Statsministerens program veke 41

Statsministeren er denne veka mellom anna til stades i Stortinget i samband med trontaledebatten og finanstalen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 6. – tysdag 7. oktober
Statsminister Erna Solberg er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 8. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, i samband med at finansminister Siv Jensen legg fram statsbudsjettet for 2015.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Torsdag 9. oktober
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet er statsbudsjettet for 2015.

Stad: Glacisgata 1, VIP-rommet.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 08.30.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 10.30. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 10.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 10. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren taler ved opninga av Jentekonferansen til Plan Norge i Oslo konserthus.

Pressekontaktar er politisk rådgivar  Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Kl. 12.15: Statsministeren taler på 10-årsjubileet til dei samiske vegvisarane i Gamle Logen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.