Priv. til red.:

Statsministerens program veke 42

Statsministeren tek denne veka mellom anna i mot Indias president Pranab Mukherjee til samtale i Regjeringas representasjonsanlegg.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 14. oktober
Kl. 11.00: Statsministeren tek i mot Indias president Pranab Mukherjee til samtale i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Det er mogleg for akkreditert presse å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 10.15.

Kl. 12.30: Statsministeren er vert for ein lunsj for Indias president Pranab Mukherjee på Akershus slott.

For akkreditert presse er det høve til å fotografere i borggarden når gjestene kjem. Ein pool med NRK/TV eller TV2, NTBscanpix og ANB kan arbeide under statsministeren sin velkomsttale.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, 909 38 987.

Onsdag 15. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren taler på YS-konferansen 2014. Stad: Hotel Bristol i Oslo.

Pressekontaktar er politisk rådgivar  Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 10.30: Statsministeren møter Melinda Gates på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 10.00. Gates og Solberg er tilgjengelege for korte kommentarar rett etter møtet, om lag kl. 11.00.

Pressekontakt for statsministeren er Cathrine Slaaen, telefon +47 976 77 247.

Torsdag 16. oktober
Kl. 13.00: Statsministeren deltek i markeringa av eitårsdagen for regjeringa. Stad: Mesh Café, Tordenskioldsgate 3 i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 17. oktober
Statsminister Erna Solberg deltar på toppmøtet mellom asiatiske og europeiske land (ASEM) i Milano. Tema for årets toppmøte er «Responsible Partnership for Sustainable Growth and Security”. Frist for akkreditering er 12. oktober. Sjå fleire detaljar i eiga pressemelding.

Pressekontakt for statsministeren er Cathrine Slaaen, telefon +47 976 77 247.