Priv. til red.:

Statsministerens program veke 44

Statsministeren møter denne veka mellom anna sine nordiske og baltiske kollegaer i Stockholm i samband med nordisk-baltisk statsministermøte og Nordisk råds 66. sesjon.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 27. og tysdag 28. oktober
Statsministeren møter sine nordiske og baltiske kollegaer i Stockholm i samband med nordisk-baltisk statsministermøte og Nordisk råds 66. sesjon. Utanriksdepartementet sender ut eiga pressemelding med fleire detaljar i løpet av kort tid.

Måndag 27. oktober
Kl. 18.15: Statsministeren deltek på nordisk-baltisk statsministermøte på Rosenbad i Stockholm. Statsministrane vil drøfte den økonomiske situasjonen i Europa, Latvias komande EU-formannskap og sikkerheitspolitiske spørsmål. Felles pressekonferanse om lag kl. 19.30.

Tysdag 28. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren deltek i nordisk statsministermøte på Rosenbad. Statsministrene vil drøfte klimaspørsmål, samarbeid i nordområda, arbeidet med FNs tusenårsmål og aktuelle utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål. Felles pressekonferanse om lag kl. 09.50.

Kl. 14.30: Statsministeren deltek på opninga av Nordisk råds sesjon i Riksdagen.

Pressekontakt er statssekretær Marit Berger Røsland, telefon 913 83 874.

Onsdag 29. oktober
Kl. 08.30: Statsministeren tek imot presidenten i Ghana, John Dramani Mahama, til samtale i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Det er høve til å fotografere idet dei to møtest. Seinaste frammøte for fotografar: Kl. 08.00 i Riddervolds gate 2.

Kl. 09.15: Statsministeren og presidenten er tilgjengelege for presse i Riddervolds gate 2. Seinaste frammøte: Kl. 08.45 i Riddervolds gate 2.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg taler på Nasjonal dialogkonferanse. Bakgrunnen for konferansen er å styrkje dialogen med innvandrarar. Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne er vert for konferansen. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 10.30. Stad: Oslo kongressenter, Folkets hus.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 19.30: Statsministeren er vert for ein regjeringsmiddag på Akershus slott, i høve Ghanas president si offisielle gjesting i Noreg. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 19.00. Ein fotopool der norske deltakarar er ANB, NTB Scanpix og NRK/TV eller TV2, kan arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Fredag 31. oktober
Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Holmlia barne- og ungdomssenter. Tema er mellom anna elevar som droppar ut av den videregåande skulen. Adresse: Dyretråkket 30 i Oslo.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Laurdag 1. november
Kl. 19.00: Statsministeren taler på markeringa av 200-årsjubileet til Kongsberggruppen i Oslo Spektrum.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Sundag 2. - måndag 3. november
Statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen besøkjer Svalbard. Tema for besøket er tryggleik og beredskap i forkant av Øvelse Svalbard 2014. Øvinga skal teste helseberedskapen på Svalbard.

Sundag vil dei mellom anna besøkje Universitetssenteret på Svalbard og satellittstasjonen Svalsat. På universitetet får dei ei orientering om universitetets eige arbeid med beredskap og tryggleik. Dei vil òg få ei orientering frå det internasjonale studentmiljøet som driv studiar på klima og miljø i polarområda.

Måndag vil statsministeren besøkje Longyearbyen sjukehus og andre relevante stader i samband med øvinga. Dei vil mellom anna dra ut i Isfjorden med Sysselmannens tenestefartøy Polarsyssel.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.