Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Sundag 2. og måndag 3. november
Statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen besøkjer Svalbard. Tema for besøket er tryggleik og beredskap i forkant av Øvelse Svalbard 2014. Øvinga skal teste helseberedskapen på Svalbard.

Sundag vil dei mellom anna besøkje Universitetssenteret på Svalbard og satellittstasjonen Svalsat. På universitetet får dei ei orientering om universitetets eige arbeid med beredskap og tryggleik. Dei vil òg få ei orientering frå det internasjonale studentmiljøet som driv studiar på klima og miljø i polarområda.

Måndag vil statsministeren besøkje Longyearbyen sjukehus og andre relevante stader i samband med øvinga. Dei vil mellom anna dra ut i Isfjorden med Sysselmannens tenestefartøy «Polarsyssel».

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Tysdag 4. november
Kl. 10.00 deltek statsministeren i markeringa av grunnlovsvedtaket i Stortinget 4. november 1814, i Stortinget.
Pressekontakt: kommunikasjonssjef  Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 5. november
Kl. 09.00 held statsministeren opningsinnlegget på Virkekonferansen, på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.
Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 11.30 held statsministeren ei utgreiing i Stortinget, om dei norske bidraga til Irak og Afghanistan.
Pressekontakt: kommunikasjonssjef  Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 6. – fredag 7. november
Statsministeren deltek i Northern Future Forum i Helsingfors, saman med fem norske representantar innan innovasjon og utdanning.
Torsdag ettermiddag har statsministeren møte med Finlands statsminister Alexander Stubb. Om kvelden deltek ho i middag med den britiske statsministeren David Cameron.
Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.