Priv. til red.:

Statsministerens program veke 50

Statsministeren besøkjer denne veka Latvia, og møter vinnarane av Nobels fredspris, Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi på Statsministerens kontor i Oslo.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 8. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Riga i samband med at Latvia skal ta over EU-formannskapet. Statsministeren skal ha politiske samtaler mellom anna om det komande latviske EU-formannskapet, leggje ned krans på fridomsmonumentet og besøkje Okkupasjonsmuseet. I tillegg skal Solberg møte representantar frå norsk næringsliv i Latvia.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 9. desember
Kl. 08.45: Statsministeren taler på UNIO-konferansen på Sundvolden Hotel.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 12.00: Statsministeren deltek i 10-årsmarkeringa av Frelsesarmeens rusomsorg, Gatehospitalet. Adresse: Borggata 2 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Torsdag 11. desember
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnarane Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi til samtalar på Statsministerens kontor. Etter møtet vert det ein pressekonferanse med fredsprisvinnarane og statsministeren. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakter for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.