Priv. til red.

Statsråd Vidar Helgesens program veke 15

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråden har denne veka mellom anna møter med næringsliv i Bergen og Solund.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 8. april og onsdag 9. april
Statsråd Vidar Helgesen besøkjer Bergen for å møte EØS-relevant næringsliv. Statsråden skal mellom anna besøkje Lerøy, halde innlegg hos Bergens Næringsråd, treffe representantar frå ulike bedrifter som er avhengig av ei velfungerande EØS-avtale, og besøkje Senter for Internasjonalisering av Utdanning. Stad: Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon: 404 08 314.

Onsdag 9. april
Statsråd Helgesen besøkjer Solund for å møte EØS-relevant næringsliv. Han skal mellom anna besøke Solund Verft og møte representantar frå bygg og anlegg og  havbruks- og fiskerinæringa som er avhengig av arbeidsinnvandring frå EØS-land. Stad: Solund, Sogn og Fjordane.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon: 404 08 314.