Priv. til red.:

Statsråd Vidar Helgesens program veke 20

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråden har denne veka mellom anna politiske samtalar med EU-kommissærar og deltek på EØS-rådsmøtet i Brussel.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. mai
Kl. 12.15: Statsråd Helgesen deltek på lunsj på Slottet, i samband med statsbesøket til Israels president Shimon Peres.

Kl. 16.00: Statsråd Helgesen møter journalisten og forfattaren Masha Gessen på Statsministerens kontor.

Kl. 17.00: Statsråd Helgesen møter den tidlegare latviske presidenten Vaira Vīķe-Freiberga på Statsministerens kontor.

Kl. 20.00: Statsråd Helgesen deltek i kongeparets gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Israel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.

Tysdag 13. mai – onsdag 14. mai
Statsråd Helgesen besøkjer Brussel for politiske samtalar med EU-kommissærar og for å delta på EØS-rådsmøtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.

Torsdag 15. mai
Kl. 12.00: Statsråd Helgesen deltek på Stortingets jubileumsmøte i samband med grunnlovsjubileet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.

Laurdag 17. mai
Kl. 19.30: Statsråd Helgesen er til stades på grunnlovsjubileets hovudarrangement på Eidsvoll. Meir informasjon om arrangementet finn du på grunnloven200.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.