Priv. til red.:

Statsråd Vidar Helgesens program veke 21

Statsråden skal denne veka mellom anna greie ut om viktige EU- og EØS-saker i Stortinget.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 19. mai
Kl. 11.00: Statsråd Helgesen deltek på markeringa av 200-årsjubileet for regjering og departement på eit arrangement ved Karpedammen på Akershus festning. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.

Tysdag 20. mai
Kl. 10.00: Statsråd Helgesen held ei utgreeing om viktige EU- og EØS-saker i Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Hilde Steinfeld, telefon 404 08 314.