Statsråd Vidar Helgesens program veke 40

Statsråd Helgesen har denne veka mellom anna fleire møte i Istanbul og Ankara.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 29. september
Statsråd Helgesen er i Istanbul for å vere med i eit møte i regi av World Economic Forum: Special Meeting on Unlocking Resources for Regional Development. Her deltek Helgesen i eit panel der tema er kvinner i arbeidslivet. Han skal òg ha fleire bilaterale møte.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Tysdag 30. september
Statsråd Helgesen er i Ankara for å ha bilaterale møte med tyrkiske politikarar og Europarådets prosjektkontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 2. oktober
Kl. 16.00: Statsråd Helgesen deltek på eit møte med nettverket for valobservatørar/NORDEM. Stad: Norsk senter for menneskerettar, Cort Adelersgate 30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.